
Franz Ferdinand og kona Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28. juni 1914.
Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.
Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.
- Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nett-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
- Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.
Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.
Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som ein oppdikta person som tek direkte del i handlinga, Fähnrich Dauerling som ein oppdikta person, som ikkje tek del i gandlinga, Heinrich Heine som historisk person. Merk at ei rekkje tilsynelatande oppdikta romanfigurar har klårt gjenkjennelege "modellar" frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

















![]() ![]() ![]() |
II. Ved fronten |
![]() | |
4. Nye lidelsar |
![]() | Sankt Stephan | ![]() | |||
*967-978 Esztergom - †15.8.1038 Esztergom? Székesfehérvár? | |||||
|
Sankt Stephan er nemnd i artikkelen i Pester Lloyd som Oberleutnant Lukáš les høgt for Oberst Schröder. Henvisninga er indirekte gjennom omgrepet Den heilage Stefanskrones land dvs. kongedømet Ungarn.
Bakgrunn
Sankt Stephan er Ungarn sin skytshelgen og rekna som grunnleggjaran av Ungarn. Fram til oppløysinga av Austerrike-Ungarn vart dei ungarske delene av riket offiseilt kalla Den heilage Stefanskrones land.
Sitat
[II.4] Současně však očekáváme úřední zprávu o királyhidském zločinu, spáchaném na maďarském obyvatelstvu. Že se věcí bude zabývat pešťská sněmovna, je na bíle dni, aby nakonec se ukázalo jasně, že čeští vojáci, projíždějící Uherským královstvím na front, nesmějí považovat zemi koruny svatého Štěpána, jako by ji měli v pachtu.
Skrivst òg:Štěpán I. Svatý cz Saint Stephen I en I Szent István hu
![]() | Parlamentsmedlem Barabás, Béla | ![]() | ||||
*12.12.1855 Arad - †28.5.1934 Arad | ||||||
|
Barabás var redaktøren og parlamentsmedlemmet som forfatta ein artikkel om slagsmålet i Királyhida som kom på trykk i Pesti Hírlap og så i Pester Lloyd. Tittelen var: "Kvar er garantien for framtida vår?" Barabás var i fylgje Oberst Schröder kjend som eit udyr.
Bakgrunn
Barabás var sakførar, redaktør og politikar, medlem av Ungarns parlament frå 1892 til 1910 og på ny frå 1911 til 1917. Rolla hans som redaktør var avgrensa til publikasjonar i heimeområdet hans rundt Arad (no Oradea i Romania). Han heldt fram som politisk aktiv i Romania etter krigen.
Anti-Habsburg
Barabás representerte Sjølvstendepartiet (Függetlenségi Párt), ei gruppering som var mot Ausgleich og som ville erstatta Dobbeltmonarkiet med ein personalunion. Gitt medlemskapet hans i dette partiet kan ein forventa anti-austerrikske haldningar og desse viste seg fleire gonger. Mest høglydt kom dei til utrykk i 1902 under fyrste sesjonen i den storslegne nye parlamentsbygningen[a].
Arrestert i Frankrike
Etter krigsutbrotet kom han på framsida i avisene ettersom han var ein av fleire ungarske parlamentsmedlemmer som var arresterte og fengsla i Frankrike. Grunna sin høge alder vart han likevel sett fri og han reiste heim via Brest, Amsterdam og Köln.
I avisene i Pest
Det er ikkje funne prov på at han skreiv sjåvinistiske artiklar i Pester Lloyd eller Pesti Hírlap på linje med det som vert sitert i Den gode soldat Švejk, sjølv om desse avisene heilt sikkert rapporterte om dei anti-austerrikske utbrota hans i det Ungarske parlamentet.
Hašek inspirert av budsjettdebatt?
Ei mogeleg inspirasjonskjelde er ein budsjettdebatt i det ungarske parlamentet 5. mai 1915. Her lovprisa Barabás innsatsen og offerviljen i Ungarn og slo fast at tyngdepunktet i monarkiet no var flytta hit. Han hevda vidare at Austerrike ikkje ytte like mykje til krigen som Ungarn, at mange austerrikske vernepliktige kkje vart kalla inn. Han stilte òg spørsmål om pålitelegheita til "enkelte austerrikske nasjonar" (dvs. tsjekkarar). Han framheva desstan offervilja og patriotismen til ungarske troppar, likeså patriotismen til det ungarske parlamentet[b].
Han etterlyste dei same haldningane i den austerrikske delen av riket og spesielt spurde han etter patriotiske utsagn frå Reichsrat. Debatten vart rapportert i alle avisene og det er svært truleg at Jaroslav Hašek som var sjukepermittert i Budějovice på denne tida fekk med seg denne kontroversen og haldningane til Barabás i nasjonalitetsspørsmål.
Som tislvar tilbakeviste Honvéd minister Hazai skuldingane frå Barabás og uttala at han frå fyrstehands kjennskap kunne slå fast at patriotismen sto like sterkt i Austerrike som i Ungarn.
Ikkje med i den tidlegare utgåva Švejk
Slagsmålet i Királyhida vert via mykje plass òg i Dobrý voják Švejk v zajetí. I denne andre versjonen av Den gode soldat Švejk, utgjeven i 1917, vert ikkje Barabás nemnd. Sjølv om dei to utgåvene av historia i grove trekk er den same er det òg andre detaljar enn Barabás som er endra, mest når det gjeld namn og roller.
Sitat
[II.4] „Kdo je podepsán pod článkem, pane nadporučíku?“ „Béla Barabás, redaktor a poslanec, pane plukovníku.“ „To je známá bestie, pane nadporučíku; ale dřív, nežli se to dostalo do ,Pester Lloydu’, byl již tento článek uveřejněn v ,Pesti Hírlap’.
Litteratur
- Osud zajatých poslanců z Uher 4.9.1914
- Bela Barabás propuštěn 15.9.1914
- Z uherského parlamentu 6.5.1915
- Budgetdebatte in Ungarn 6.5.1915
- Unabhängigkeitspartei 1909
a | Die erste sitzung im neue Parlamente | 8.10.1902 | |
b | Die Frühjahrstagung des Parlaments | 6.5.1915 |
![]() | Parlamentsmedlem Savanyú, Géza | ![]() | ||||
|
Savanyú representerte Királyhida krets i det Ungarske parlament. Han skulle i fylgje Sopronyi Napló legga inn ein interpellasjon angåande brevskandalen med Oberleutnant Lukáš og det påfylgjande slagsmålet.
Bakgrunn
Savanyú var i fylgje teksten i Den gode soldat Švejk parlamentsmedlem for kretsen Királyhida men er nesten sikkert oppdikta avdi dette ikkje var eigen krets, korkje rettsleg, politisk eller valgteknisk. I perioden 1910-1918 var det heller ikkje nokon parlamentsmedlem Savanyú i den ungarske riksdagen.
Distrikt
Rettsleg sorterte staden under Nezsider (Neusiedl am See) og politisk under Moson. Valgkretsen som omfatta Királyhida var Zurány (no Zurndorf)[a] og utsending frå 1910 til 1918 var Károly Cserny (1863-1933), ein erfaren diplomat og politikar.
Gjenbruk av namne
Omstenda tyder på at det her er snakk om nokså tilfeldig gjenbruk av namn. Savanyú er eit etternamn som òg dukkar opp seinare i Den gode soldat Švejk og forfatteren hadde alt før krigen dukka det opp i eit par av forteljingane hans. Sjå Róža Šavaňů.
Tamás Herczeg
The deputy of Királyhida from 1910-1915 was: Cserny Károly. (Károly Cserny in English form.)
Sitat
[II.4] Toto se týká zejména jednoho pána, který se dle doslechu zdržuje doposud beztrestně ve vojenském táboře a stále ještě nosí odznaky svého ,papageiregimentu’ a jehož jméno bylo též uveřejněno předevčírem v ,Pester Lloydu’ a ,Pesti Napló’. Jest to známý český šovinista Lükáš, o jehož řádění bude podána interpelace naším poslancem Gézou Savanyú, který zastupuje okres királyhidský.“
Kjelder: Klara Köttner-Benigni, Tamás Herczeg
Litteratur
- Cserny Károly
- Cserny Károly
- Die deutsch-ungarischen Beziehungen 18.8.1915
- Řádný učitel 3.11.1907
- Velká Kaniža a Körment 26.4.1913
a | Die „Abenteuer des Braven Soldaten Schwejk” in Österreich | 1983 |
![]() | Målar Panuška, Jaroslav | ![]() | ||||
*3.3.1872 Hořovice - †1.8.1958 Kochánov | ||||||
|
Panuška er kort innom Den gode soldat Švejk når Švejk under forhøyr på Hauptwache forsvarar seg med å sitera Panuška sin tenar Matěj.
Bakgrunn
Panuška var ein tsjekkisk målar og ven av Jaroslav Hašek. Det var han som overtala Hašek til å vera med til Lipnice 25. august 1921 [a], og etter dette vart Hašek verande der til han døydde 16 månader seinare.
Emil Artur Longen og Josef Lada var òg i den felles venekretsen deira. Velkjend er eit lite flatterande portrett som Panuška laga av Hašek mot slutten av forfattaren sitt liv, og dessutan eit bilete av Hašek i senga som død.
Ein veit ikkje når Panuška og Hašek vart vener, men det kan ha vore gjennom Kuděj som vart kjend med Panuška rundt 1920. Om Panuška hadde nokon tenar og om denne faktisk heitte Matěj har det ikkje lukkast å slå fast,
Livsløp
Som utdanna kunstmålar (akademisk målar) fekk Panuška alt i 1897 namnet sitt på trykk i Volné směry, med eit dystert bilete av ein hovudlaus hest[b]. Han var kjend for som landskapsmåler og ofte hadde bilete hans ein dyster undertone. Fleire av måleria hans var frå Lipnice og området rundt og frå 1923 budde han i Kochánov, ein landsby mindre enn ei mil unna. Panuška var gift og hadde fire born.
Cecil Parrott, The Bad Bohemian, 1982
In the summer of 1921 Hašek suddenly disappeared from Prague. The person responsible for whisking him away was the landscape painter, Jaroslav Panuška, a great hulking man of enormous strength, who would have been a good 'chucker out' at a pub and had indeed proved himself as such. Among his eccentricities was to address everybody in the familiar second person singular, to save himself the trouble of distinguishing between his closest friends and the rest. He had an atelier in Vinohrady and was at one time friendly with Lada, the illustrator of Švejk. A great drinker and gourmand, he combined just those qualities which were dear to Hašek's heart. More important, he was a kindly person who took a real interest in Hašek's welfare.
Sitat
[II.4] Tak na př. na otázku, proč se nepřizná, odpověděl dle protokolu: ,Já jsem zrovna v takový situaci, jako se voctnul jednou kvůli nějakejm obrazům panny Marie sluha akademického malíře Panušky. Ten taky, když se jednalo o nějaký vobrazy, který měl zpronevěřit, nemoh na to nic jinýho vodpovědět než: »Mám blít krev?«
Kjelder: Cecil Parrott, Radko Pytlík
Litteratur
- Malíř Jaroslav Panuška
- Franta Habán ze Žižkova
- Jaroslav Hašek 1928
- Jaroslav Panuška 15.7.1898
- Několik vzpomínek na Jaroslava Haška 27.12.1928
- Jaroslav Panuška - 60 Jahre 3.3.1932
- Z mého života 1945
a | Toulavé house | 1971 | |
b | J. Panuška - Pohádky | 2.1897 |
![]() | Rechnungsfeldwebel Vaněk | ![]() | |||
|

Vaněk er namngjeven 148 gonger i Den gode soldat Švejk.
Vaněk er rekneskapssersjant ved staben i det 11. marsjkompani, i det sivile apotekar frå Kralupy. Han er framstilt som ein nokså kynisk reserveoffiser som helst passar på sitt eige beste. Vaněk er frå no av og ut romanen mykje involvert. Det kjem etter kvart fram at han vore med tre marsjbataljonar allereie, i Serbia og i Karpatane.
Han vert fyrst nemnd når han får i oppdrag av Oberst Schröder å finna ein ny tenar til Oberleutnant Lukáš etter at Švejk er vorten kompaniordonnans. Vaněk sine fyrste ord i romanen utbryt har når han får høyra om rollebytet: "Gud hjelpe oss alle!".
Bakgrunn
Prototypen for Vaněk er utan tvil ein verkeleg "drogista" Jan Vaněk frå Kralupy.
Sitat
[II.4] Nadporučík Lukáš po celé cestě domů si opakoval: „Kompaniekomandant, kompanieordonanz.“ A jasně před ním vyvstávala postava Švejka. Účetní šikovatel Vaněk, když mu poručil nadporučík Lukáš, aby mu vyhledal nějakého nového sluhu místo Švejka, řekl: „Já myslel, že jsou, pane obrlajtnant, spokojenej s tím Švejkem.“ Uslyšev, že Švejka naznačil plukovník ordonancí u 11. kumpanie, zvolal: „Pomoz nám pán bůh!“
Kjelder: Jan Morávek, Bohumil Vlček
![]() | Nemrava, Wilhelm | ![]() | ||||
*Hněvotín 10.4.1882 - †Olomouc 6.5.1948 | ||||||
|

Fødels- og dåpsdata, Hněvotín, 1882
Nemrava var ein mann som før krigen budde i Mähren og som nekta å bera våpen og vart sperra inne fleire gonger grunna dette. Dette vert nemnd av Švejk i ein samtale då han og Sappeur Vodička sit i arresten etter skandalen med herr Kakonyi.
Bakgrunn
Nemrava og samtalen i Királyhida har bakgrunn frå den verkelege verda og opplysningane som Švejk kjem med er autentiske. Rekrutten Wilhelm Nemrava frå k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 13 i Olomouc nekta 1. november 1904 å avlegga eid til flagget[a] og vart dømd til 5 månaders fengsel. Etter lauslatinga nekta han i tråd med si overtyding òg å bera våpen, etter eige utsagn inspirert av Tolstoj. Dessutan var han medlem av den relegiøs-pasifistiske Nasarenarsekta.
For denne siste ordrenekten vart han dømd til endå to år i fengsel som han fullførde i Terezín under brutale tilhøve. Saka fekk stor omtale i heile Austerrike-Ungarn og etter lauslatimga kom den heilt opp til Reichsrat.
Superarbitert
Her får me ein interressant parallel til Švejk. 15. november 1907 lyste ein miltærkommisjon Nemrava utilrekneleg og han vart supertarbirert (dimmitert). Dette var truleg styremaktene sin utveg for å kvitta seg med ei sak som etterkvart var vorte pinleg. Forsvarsministeren i Cisleithanien, Georgi, opplyste under spørjetimen i Reichsrat at kommisjonen kom fram til at Nemrava var "psykopatisk, forskrudd og leid av fikse idear".
Våren 1914 dukkar Nemrava opp att i avisene som "handelsmann frå Kroměříž". Ved dette høvet hadde han nekta å avleggja eid til ein sivil domstol i Olomouc!
Fyrste verdskrigen
I starten av juni 1915 skreiv Národni listy, Venkov og andre aviser at Nemrava hadde snudd heilt om og no kjempa ved fronten med IR54. Opplysningane skal ha kome frå brev han sende til avisa Pozor i Olomouc.
I 1930 hevdar derimot Prager Tagblatt m.fl. at motstanden hans mot å bera våpen heldt fram òg under krigen og at han difor sat fengsla i nye tre år. Desse motstridande opplysningane kan neppe avklarast utan tilgang til dokumenta hans frå forsvaret (sjå siste avsnitt).
Hašek og Nemrava
Dei få linjene i Den gode soldat Švejk var ikkje fyrste gongen Jaroslav Hašek skreiv om den kjende miltærnektaren frå Mähren. I forteljina "Nasarenarane" frå 1908 nemner forfattaren både sekta og Nemrava sjølv. Det høyrer med at sensuren syrgde for at soga ikkje kom på trykk. Hašek noterer dessutan at Nemrava vart superarbirert grunna galskap.
Tjuv og helar
Namnet hans dukkar opp att i avisene i 1924 og no er det klårt at idealisten er vorten kriminell, sjølv om han offisielt er handelsreisane. Det kjem fram at han var involvert i fleire innbrot frå 1921 og utover og at han òg var bakmann og sentral i omsetjinga av tjuvegodset.
I 1930 vart han arrestert på ny, no som kunst- og antikvitetshandlar frå Svatý Kopeček ved Olomouc. Han gjennomførde eit større underslag av verdifulle måleri og antikvitetar og fekk seg ein fengselsdom på seks månader. Saka vert mykje omtala, òg i rikspressa.
Deretter forsvinn spora etter han men kyrkjebøkene avslører at han døydde i 1948 i Nová ulice, ein forstad til Olomouc. Den same kjelda viser var at han var fødd 6. mai 1882 i nus nummer 83 i Hněvotín, ein landsby litt sør-vest for Olomouc.
Ein vidkjend militærnektar
Nemrava var ein av dei fyrste og mest kjende militærnektarane og saka vart òg lagt merke til i utlandet. Nemrava sjølv korresponderte med livlegen til Tolstoj og både Karel Čapek, Klofáč og professor Masaryk fylgde saka. Karl Liebknect hadde òg fått med seg hendingane og ein notis dukka opp i fransk presse. I 2009 vart saka omtala i boka Vojáku Vladimire av Zdeněk Bauer som er bygd på mellom anna korrespondansen til Čapek. I 2014 utga kommunen Hněvotín (Milan Krejčí) ein detaljert artikkel om småbyen sin den gong så vidkjende son, i stor grad henta frå Bauer si bok.
Willy Nemrawa
i Infanterieregiment Nr. 54
Tilgang til vernepliktsdokumeta i VÚA (mars 2018) kastar nytt lys over dei motstridande opplysningane frå Národní listy (1915) og Prager Tagblatt (1930). Under heimervernsmønstringane (Landsturm-Musterungen) i 1914 vart Nemrava kalla inn att. Han vart funne tenestedyktig 22. november 1914 ved mønstringa i Povel (no ein bydel i det sørlege Olomouc), og innrullert i Infanterieregiment Nr. 54 som væpna "Landsturminfanterist" 16. februar 1915.
Det er ikkje funne opplysningar i dokumenta hans om ein ny dom og tre år i fengsel. Tvert imot: han vart forfremja til Landsturm-Gefreiter i 1916, noko han neppe hadde vorte dersom han sat i fengsel. I tenestedokumenta er han innskriven som Willy Nemrawa, men ellers stemmer opplysningane overeins med oppføringa i kyrkjeboka. Det kjem dessutan fram at han var blond og liten av vekst (164 cm). Faren var Josef Nemrava frå Loučany og mora Marie Kreuzer frå Hněvotín. Nemrava snakka tsjekkisk, tysk og polsk. Han vart innrullert i den tsjekkoslovakiske hæren som reserve 21. desember 1919.
Militarismus und Antimilitarismus, Karl Liebknecht, 1907
In Prag wurde eine Arbeiterakademie unter zahlreicher Beteiligung gegründet. Die nationalen Konflikte mit dem Militarismus (Sprachen-frage und die Vergewaltigung einzelner Soldaten) belebten die antimilitaristischen Tendenzen. Besonders hervorgehoben sei hier der Fall Nemravas, eines Soldaten, der sich weigerte, die Waffen zu tragen, und dafür bestraft wurde.
Sitat
[II.4] Před vojnou žil na Moravě nějakej pan Nemrava, a ten dokonce nechtěl vzíti ani flintu na rameno, když byl odvedenej, že prej je to proti jeho zásadě, nosit nějaký flinty. Byl za to zavřenej, až byl černej, a zas ho nanovo vedli k přísaze. A von, že přísahat nebude, že je to proti jeho zásadě, a vydržel to.“
Kjelder: VÚA, Zdeněk Bauer, Milan Krejčí
Litteratur
- Nazarénští 23.10.1908
- Geburts- und Tauchbuch für das Jahr 1882
- Interpellation 1907
- Vilém Nemrava (1882–?)
- Josef Švejk mezi realitou a fikcí
- Odpírač Vilém Nemrava (1882-?) 2014
- Militarismus und Antimilitariskus 1907
- Verweigerung des Fahneneides 9.12.1904
- Nováček odmítl přisahati 23.12.1904
- Nepřítel zbraně 28.6.1905
- Olomoucký Nazarén 22.6.1907
- Případ Nemavrův 22.6.1907
- Vojín Nemrava 27.6.1907
- Der Nazarener Nemrava 25.10.1907
- Voják, který nechce nositi zbraň 14.4.1908
- Eidesverweigerung 15.3.1914
- Nemrava opět odepřel přísahati 15.3.1914
- Známení doby 2.6.1915
- Známka doby 3.6.1915
- Vykrádali byty 16.2.1924
- Obchody se ukradenými šperky 17.2.1924
- Zpronevěřil za 342.000 Kč obrazů a starožitností 4.6.1931
- Nasarener Nemrava wegen Bildbetruges verurteilt 4.6.1931
- Konec Nemravův 12.6.1931
a | Nazarén ve vojště | 6.11.1904 |
![]() | zu Pappenheim, Gottfried Heinrich | ![]() | ||||
*8.6.1594 Treuchtlingen - †17.11.1632 Leipzig | ||||||
|
Pappenheim er nemnd gjennom utrykket "me kjenner våre Pappenheimare".
Bakgrunn
Pappenheim var ein feltmarskalk for den Katolske Liga under Trettiårskrigen. Han var kjend som ein dyktig militær leiar men også for sin brutalitet. Han tok del i slaget ved Bílá Hora, og fall i slaget ved Lützen. Pappenheim er gravlagd i Strahovský klášter.
Sitat
Sitatet i Den gode soldat Švejk er frå Schiller sin trilogi om Wallenstein.
Sitat
[II.4] Učitel si povzdechl: „Když ten pan auditor neumí dobře česky. Já už jsem mu to také podobným způsobem vysvětloval, ale on na mne spustil, že sameček od vši se jmenuje česky ,vešák’. ,Šádný fšivák,’ povídal pan auditor, ,vešák. Femininum, Sie gebildeter Kerl, ist ten »feš«, also masculinum ist »ta fěšak«. Wir kennen uns’re Pappenheimer.“
![]() | Sigøynar Janeček, Jan | ![]() | ||||
*19.10.1840 Chotína - †9.9.1871 Plzeň | ||||||
|

Jan Janeček. Zdroj: Archiv města Plzně, Místopisná sbírka Ladislava Lábka, kart. 60.
© Encyklopedie Plzeň
Janeček var i fylgje Švejk ein sigøynar frå Plzeň som vart dømd til døden for dobbeltdrap i 1879, fekk avrettinga utsett ein dag avdi den fall på fødselsdagen til Kaiser Franz Joseph I., deretter rehabilitert post-mortem avdi det var ein anna Janeček som var forbrytaren. Dette fortel Švejk sine medinsette i arresten på Hauptwache i Brucker Lager.
Bakgrunn
Janeček (verkeleg namn Jan Serinek) var ein brotsmann fødd nær Plzeň som fyrst kom i overskriftene i 1869 då han og tre familiemedlemmer vart dømde til lange fengselstraffer for rovmord. Rettsaka fann stad i c.k. zemský co trestní soud på hausten og 25. september fall dommen. Den 30 år gamle Jan og den 18 år gamle broren Josef (stundom nemnd som syskenbarn) vart dømde til 18 år, to yngre kvinnelege familiemedlemmer (begge heitte Josefa) fekk henholdsvis 5 og 4 år. Det femte medlemmet av banden, den 45 år gamle muraren Andreas Holler, fekk livstid. I november vart brødrene Janeček sende til soning i Kartouzy.
Røming, ran og mord
24. april 1870 rømde brødrene saman med ein polsk sigøynar, Franticzek Janeczka. Alt fyrste natta gjorde dei tre overfall i området mellom Turnov and Jičín. Dei fyrste offera var tre kvinner som vart brutalt rana klokka 2 på natta. Dette var starten på eit røvartokt som kosta tre menneskeliv og gjorde mange andre til offer for overfall, tjuveri og ran. Dei tre rømlingane slo seg snart saman med andre klan-medlemmer og mellom anna i Poděbrady-området og rundt Plzeň. 2. juni unngjekk dei eit arrestforsøk ved Klatovy. Fyrste mordet skjedde 9. august ved Sokoleč, okres Poděbrady. Neste mordet hende 21. oktober ved Strojetice (same district) og tre dagar seinare endå eit: i Chrást nær Plzeň. Dei to siste var rovmord.
Arrestasjon, rettsak og dom
Etter seks månader på frifot vart banden gradvis sirkla inn og arresterte i heimdistriktet sitt aust for Plzeň. Josef vart arrestert 26. oktober i Horomyslická hospoda men Jan kom seg unna gjennom eit vindauge. Han vart endeleg pågripen fire dagar seinare ved Lhota i den sørlege utkanten av Plzeň. Rettsaka fann stad i Plzeň i slutten av mai 1871. Det var heile 26 tiltalepunkt og 11 personar var skulda. Den 31. vart domen kunngjord og Janeček (Jan) var den einaste i banden som fekk dødsdom. Josef fekk livstid og dei andre tiltala mellom eitt og åtte års fengsel.
Avretting
Det tok meir enn tre månader frå domen vart avsagd til avrettinga fann stad. Etter å ha gått gjennom ulike høgare rettsinstansar vart domen endeleg stadfest og opplesen for Janeček 7. september. Det var òg komplikasjonar og forseinkingar grunna usemje med bøddelen Piperger. Om morgenen 9. september 1871 var ei stor folkemengde (mange titusen) samla på rettarstaden[a] og var vitne til den siste offentlege avrettinga i Böhmen under Austerrike-Ungarn.
Švejk mystifiserer
Den gode soldaten har nokså laus omgang med fakta i denne anekdota si. Janeček vart avretta i 1871, ikkje i 1879. Dessutan vart ikkje avrettinga utsett grunna fødselsdagen til keisaren (18. august), og det var heller ikkje snakk om noko posthum rehabiltering avdi feil mann vart avretta.
Ich bin Serinek, ein Deutscher
I 1911 skreiv Jaroslav Hašek ei soge om sigøynar-banden Serinek som klårt er inspirert av den avretta brotsmannen, men forfattaren kjem ikkje inn på hendingane Švejk fortel om i romanen. Forteljinga handlar om Serinek-familien på 18 som reiser frå landsby til landsby rundt Liberec (Reichenberg) og tilbyr å registrera seg som tyskarar mot godtgjersle i form av pengar, øl og pølser[b]. Her er hovdupersonen den eldre klan-leiaren Serinek. Den kan grunna alder ikkje vera identisk med den avretta personen Švejk nemner, men viser truleg til den påståtte faren hans, Jan Serinek.
Sitat
[II.4] „Zkrátka a dobře,“ řekl Švejk, „je to s vámi vachrlatý, ale nesmíte ztrácet naději, jako říkal cikán Janeček v Plzni, že se to ještě může vobrátit k lepšímu, když mu v roce 1879 dávali kvůli tý dvojnásobný loupežný vraždě voprátku na krk. A taky to uhád, poněvadž ho vodvedli v poslední okamžik vod šibenice, poněvadž ho nemohli pověsit kvůli narozeninám císaře pána, který připadly právě na ten samej den, kdy měl viset.
Litteratur
- Jan Janeček
- Vrah si zahrál karty a šel na poslední veřejnou popravu. 9.9.2011
- Babinský, Janeček a jiní graselové 3.4.2012
- Poslední veřejná poprava: Oběšence sledovaly davy, tělo se houpalo několik hodin 9.9.2021
- Jan Janeček 5.1.2020
- Zločin, loupěžné vraždy, loupeže a krádeže. 21.9.1869
- Raumord, Raub und Diebstahl 20.9.1869
- Aus dem Rechtsleben 27.9.1869
- Entflohene Sträflinge 25.4.1870
- Die drei Ersprungenen Raubmördere 7.5.1870
- Aus dem Böhmerwalde 8.6.1870
- Die Janečeks 19.8.1870
- Fluchtversuch der Janeček's 26.1.1871
- Janečkové před soudem 25.5.1871
- Výňatek z obžaloby Janačků 25.5.1871
- Gebrüder Janeček und Komp. vor Gericht 26.5.1871
- Aus dem Rechtsleben 31.5.1871
a | Poprava Jana Janečka | 10.9.1871 | |
b | Ich bin Serinek, ein Deutscher | 30.1.1911 |
![]() | Tenar Matěj | ![]() | ||||
|
Matěj var tenaren til målar Panuška.
Sitat
[II.4] „To ale nebyla moje slova, to vykládal sluha malíře Panušky Matěj jedné staré bábě, když se ho ptala, jak vypadá růže z Jericha.
![]() | Kovář Kříž | ![]() | |||
|
Kříž var ein smed Sappeur Vodička fortel om i ein anekdote for å illustrera kor tåkete Švejk sine samanlikningar kan vera.
Sitat
[II.4] Když se ho auditor ptal, čím je v civilu, tak říkal: ,Dejmám u Kříže.’ A trvalo to přes půl hodiny, než auditorovi vysvětlil, že tahá měch u kováře Kříže, a když se ho potom zeptali: ,Vy jste tedy v civilu pomocnej dělník,’ tak jim odpověděl: ,Kdepak ponocnej, ten je Franta Hybšů.’“
![]() | Hybšů, Franta | ![]() | |||
|
Hybšů var ein nattevektar Sappeur Vodička fortel om i ein anekdote, sjå kovář Kříž.
Sitat
[II.4] Když se ho auditor ptal, čím je v civilu, tak říkal: ,Dejmám u Kříže.’ A trvalo to přes půl hodiny, než auditorovi vysvětlil, že tahá měch u kováře Kříže, a když se ho potom zeptali: ,Vy jste tedy v civilu pomocnej dělník,’ tak jim odpověděl: ,Kdepak ponocnej, ten je Franta Hybšů.’“
![]() | Moudrá, Pavla | ![]() | |||
*26.1.1861 Praha - †10.9.1940 Praha | |||||
|
Pavla Moudrá er nemnd av Einjährigfreiwilliger Marek når han fortel om at han vorte sperra inne for mytteri avdi han nekta å vaska latrinene.
Bakgrunn
Pavla Moudrá var ei tsjekkisk forfattarinne og oversetjar (Victor Hugo, Twain, Kipling m.fl). I romanen er ho nemnd i samband med barnelitteratur. Ho var òg ein tidleg dyrevernar, fredssktivist og feminist, mellom anna var ho ei kort stund redaktør for magasinet Lada. Ho bidrog dessutan til dyremagasinet Svět zvířat, mellom anna til juleutgåva i 1911.
I kampen mot alkoholen var ho aktiv og heldt mellom anna foredrag for det tsjekkoslovakiske fråhaldsambandet saman med doktor Batěk. Jaroslav Hašek nemner ho òg i ei satirisk forteljing om Frelsesarmeen frå 1921: Zápas s Armádou spásy.
Sitat
[II.4] A tak to šlo pořád: ,Budete pucovat?’ ,Nebudu pucovat.’ Hajzly lítaly sem a tam, jako by to bylo' nějaké dětské říkadlo od Pavly Moudré. Obršt běhal po kanceláři jako pominutý, nakonec si sedl a řekl: ,Rozvažte si to dobře, já vás předám divisijnímu soudu pro vzpouru. Nemyslete si, že budete první jednoroční dobrovolník, který byl za této války zastřelen.
Litteratur
- Zapomenutá aktivistka Pavla Moudrá
- Na záchranu vlasti 25.9.1919
- Zápas s Armádou spásy 26.1.1921
- Lidovychovný odbor čsl. svazu abstinentního v Praze 23.10.1919
![]() | Supák Solpera | ![]() | |||
|
Solpera var ein kjøkenoffiser nemnd i ei ankedote Švejk fortel Sappeur Vodička.
Sitat
[II.4] „Já jsem zas docela spokojenej,“ řekl Švejk, „to ještě před lety, když jsem sloužil aktivně, tak náš supák Solpera říkal, že na vojně musí bejt si každej vědom svejch povinností, a dal ti přitom takovou přes hubu, žes na to nikdy nezapomněl.
![]() | Oberleutnant Kvajser | ![]() | |||
|
Kvajser var ein objrlajtnant nemnd i same historia som supák Solpera.
Sitat
[II.4] Nebo nebožtík obrlajtnant Kvajser, když přišel prohlížet kvéry, tak vždycky nám přednášel, že každej voják má jevit největší duševní votrlost, poněvadž vojáci jsou jenom dobytek, kerej stát krmí, dá jim nažrat, napít kafé, tabák do fajfky a za to musí tahat jako volové.“
![]() | Lærar Herál | ![]() | |||
|
Herál var ein lærar Švejk nemner i nok ei anekdote han fortel Sappeur Vodička. Herál hadde lagt ut om rettargangspraksisen i hæren under styret til Maria Theresia.
Bakgrunn
Reserveløytnant Petr Heral tenestegjorde faktisk i Infanterieregiment Nr. 91 saman med Jaroslav Hašek. Heral var fødd i 1886 med Heimatrecht i Boršov nad Vltavou og oppnådde rangen Leutnant 1. mars 1915[b]. Han vart teken til fange av russarane same dag som forfattaren, ved Chorupan 24. september 1915.[a] Hašek kan dermed ha kjent Heral ikkje berre frå IR 91, men òg i den 3 veker lange fangetransporten til Darnitsa, kanskje vidare òg. Vidare viser tapslistene at han gjorde teneste i 6. kompani (del av 2. bataljon) då han vart teken til fange.
Om denne har inspirerte forfattaren til å skapa læraren som Švejk fortel om, kan sjølvsagt ikkje stadfestast. Om me kunne slå fast at Heral faktisk var lærar ville me kunna vera nesten sikre.
Folketeljinga i 1910
Folketeljinga frå 1910 avslører fleire detaljar om Heral[c]. Han var fødd i ein bondefamilie i Boršov 16. juni 1886 i hus nummer 11. Her budde han med tre sysken og mora Anna (1851) som òg stod som huseigar. Han er oppførd som ugift, romersk-katolsk og med tsjekkisk som morsmål. Som vanleg i folketaljingar på den tida er det notert at han kunne lesa og skriva. Ved slutten av 1907 studerte Heral ved C.k. vyšší realka i Budějovice og vart uteksaminert dette året. Innan utgangen av 1910 hadde han fullførd eit kurs ved C.k. cejchovní úřad (oppmålingsvesenet) men på denne tida var det ingen opplysningar om at han var i arbeid.
Denne bindinga til målevesenet gjer det lettare å finna meir informasjon. Nekrologen viser at han var tilsett ved målevesenet i Praha og hadde kome tilbake frå Russland (fangenskap) med malaria. Sjukdomen påverka hjarta og skulle til slutt bli fatalt.Han døydde i Praha 4. mai 1938 og vart gravlagd i Boršov dagen etter[d].
Uavklara
Heral er eit sjeldant etternamn (69 peronar i Tsjekkia i 2020) så Hašek har neppe møtt mange av dei. At han kjende Peter Heral frå IR 91 er svært sannsynleg, men at sistenemnde arbeidde ved målevesenet i 1913[e] gjer det lite truleg at han nokon gong var lærar.
Andre personar som kan ha inspirert denne læraren i Den gode soldat Švejk kan finnast min ikkje så opp i dagen som Peter Heral. I adresseboka for Praha for 1910 er berre to av dei oppførde og desse var ikkje lærarar. Heller ikkje politibøkene inneheld namn/yrkes-kombinasjonar som stemmer.
Sitat
[II.4] Sloužil ti u nás v aktivu učitel Herál a ten nám jednou na kavalci vykládal, když jsme všichni v cimře dostali kasárníka, že je v pražským museu jedna kniha zápisů takovýho vojenskýho soudu za Marie Terezie.
Kjelder: Karl Wagner von Wagenried, Jan Ciglbauer
Litteratur
![]() | Maria Theresia | ![]() | |||
*13.5.1717 Wien - †29.11.1780 Wien | |||||
|
Maria Theresia er nemnd i same soga som læraren lærar Herál.
Bakgrunn
Maria Theresia var regjerande erkehertuginne av Austerrike, dronning av Ungarn, dronning av Böhmen og statsoverhovud for ei rekkje andre område: Kroatia, Galicia, Mantova osb. Ho var einaste kvinnelege overhovud under Habsburg-styret.
Faren la grunnen for makta henner gjennom Den pragmatiske sanksjon av 1713, òg nemnd i romanen. Denne slo fast at kvinner òg kunne arva trona.
Ho gjennomførde progressive reformer i utdanning og strafferett, men var intolerant på det relegiøse feltet. Fortet Terezín er kalla opp etter henne som òg Theresianische Militärakademie er.
Sitat
[II.4] Sloužil ti u nás v aktivu učitel Herál a ten nám jednou na kavalci vykládal, když jsme všichni v cimře dostali kasárníka, že je v pražským museu jedna kniha zápisů takovýho vojenskýho soudu za Marie Terezie. Každej regiment měl svýho kata, který popravoval vojáky svýho regimentu, kus po kusu, za jeden tereziánskej tolar. A ten kat podle těch zápisů vydělal si někerej den až pět tolarů.
Skrivst òg:Marie Terezie cz Maria Theresa en Mária Terézia hu
![]() | Běloun | ![]() | |||
|
Běloun var ein soldat som kvela ein sigøynar ved Drina etter at denne hadde vorte teken med sigarettar han fekk som løn for å ha hengt serbiske mostandsfolk. Dette er ei av Sappeur Vodička sine historier frå fronten.
Sitat
[II.4] „Když jsem byl v Srbsku,“ řekl Vodička, „tak u naší brigády věšeli, kteří se přihlásili, čúžáky za cigarety. Kerej voják pověsil chlapa, ten dostal deset športek, za ženskou a za dítě pět. Potom začlo intendantstvo spořit a vodstřelovalo se to hromadně. Se mnou sloužil jeden cikán a vo tom jsme to dlouho nevěděli. Bylo nám to jenom nápadný, že ho vždycky na noc někam volali do kanceláře. To jsme stáli na Drině. A jednou v noci, když byl pryč, tak někomu napadlo šťourat se v jeho věcech, a pacholek měl v ruksaku celý tři krabičky po stovce športek. Potom se vrátil k ránu do naší stodoly a my jsme s ním udělali krátkej soud. Povalili jsme ho a nějakej Běloun ho uškrtil řemenem. Měl ten pacholek tuhej život jako kočka.“
![]() | Auditor Ruller | ![]() | |||
|

Ruller er ein aktor ved Divisionsgericht som forhøyrde Švejk og Sappeur Vodička og som motvillig sette dei på frifot etter ordre frå Oberst Schröder. Ruller var meir oppteken av teikningane i ei bok av Fr. S. Kraus om den historiske utviklinga av seksualmoral enn av gjerninga si som advokat ved Divisionsgericht.
Situasjonen har paralellar til domaren i Prosesssen av Franz Kafka.
Sitat
[II.4] Vstoupili právě do baráku s kancelářemi divisijního soudu a patrola je ihned odvedla do kanceláře čís. 8, kde za dlouhým stolem s haldami spisů seděl auditor Ruller. Před ním ležel nějaký díl zákoníku, na kterém stála nedopitá sklenice čaje. Po pravé straně na stole stál krucifix z napodobené slonoviny, se zaprášeným Kristem, který se zoufale díval na podstavec svého kříže, na kterém byl popel a oharky z cigaret. Auditor Ruller oklepával si právě k nové lítosti ukřižovaného boha novou cigaretu o podstavec krucifixu a druhou rukou nadzvedal sklenici s čajem, která se přilepila na zákoník. Vyprostiv sklenici z objetí zákoníku, listoval se dál v knize vypůjčené z důstojnického kasina. Byla to kniha Fr. S. Krause s mnohoslibným názvem „Forschungen zur Entwicklungsgeschichte der geschlechtlichen Moral“.
![]() | Krauss, Friedrich Salomon | ![]() | |||
*7.10.1859 Požega - †29.5.1938 Wien | |||||
|

Ein av dei naive teikningane som auditor Ruller kan ha sett nøyare på i Királyhida. Samla av Georges-Henri Luquet.
1910..
,Krauss er nemnd avdi advokat Auditor Ruller sit og blar i boka hans Forschungen zur Entwicklungsgeschichte der geschlechtlichen Moral akkurat då Sappeur Vodička og Švejk dukkar opp. Han studerer nokre naive teikningar av mannelege og kvinnelege kjønnsorgan, med høvande vers, funne på toaletta på Berlin Westbahnhof av den lærde Fr. S. Kraus sjølv.
Bakgrunn
Krauss var etnolog, folklorikar, sexolog og slavist av kroatisk/jødisk opphav, busett i Wien. Han fekk tidleg i karrieren stønad frå kronprins kronprins Rudolf til å driva etnografisk forskning blandt sør-slavarane og han arbeidde seinare med Sigmund Freud. Han vart etter kvart ein pionér innafor "etno-sexologi" men gjentekne sømelegheits-rettsaker hindra arbeidet hans og i 1913 var han ruinert.
Forfattaren er litt upresis i omtalen av Krauss og publikasjonen han omtalar. Det er ikkje ei bok av Krauss, men ein serie årbøker som kom ut i 10 bind frå 1904 til 1913. Krauss stod som utgjevar av desse, ikkje forfattar slik Jaroslav Hašek skriv.
Anthropophyteia
Verket det utan tvil er snakk om er Anthropophyteia. Jahrbücher für Folkloristische Erhebungen und Forschungen zur Entwicklungsgeschichte der geschlechtlichen Moral. Det var omfangsrike vitskapelege årbøker som samla artiklar og avhandlingar frå ei rekkje forskarar, og Krauss sjølv stod for noko av innhaldet. Bøkene var ikkje offentleg til salgs ettersom dei vart gjevne ut for forskingsføremål. Illustrasjonar var det heller få av, avgrensa til nokre sider på slutten av kvart band.
Teikningar som tilsvarar det Hašek skriv i romanen er å finna i band. VII. (1910), side 529 til 535. Dei viser til eit studium på side 197 til 203, skrivne på fransk av Luquet[1]. Denne nemner ikkje Berlin eller noko jernbanetoalett, men i same bandet (s. 403) er det eit kapittel om verseskriblingar på toalett i Berlin (med døme). Det kan difor vera Hašek sette saman sekvensen ved å kombinera desse elementa. I alle fall: ingen stad i dei ti banda finn ein vers trykte ved sida av teikningar slik det vert framstild i romanen.
1. Georges-Henri Luquet (1876-1965). Fransk filosof og etnolog. Banebrytande innafor forsking på barneteikningar.
Sitat
[II.4] Vyprostiv sklenici z objetí zákoníku, listoval se dál v knize vypůjčené z důstojnického kasina. Byla to kniha Fr. S. Krause s mnohoslibným názvem „Forschungen zur Entwicklungsgeschichte der geschlechtlichen Moral“. Zadíval se na reprodukci naivních kreseb mužského i ženského pohlavního ústroje s přiléhajícími verši, které objevil učenec Fr. S. Krause na záchodcích berlínského Západního nádraží, takže neobrátil pozornost na ty, kteří vstoupili.
Skrivst òg:Fr. S. Krause Hašek
Litteratur
![]() | von Humboldt, Alexander | ![]() | |||
*14.7.1769 Berlin - †6.5.1859 Berlin | |||||
|
Humboldt
vert sitert av Einjährigfreiwilliger Marek når han får vita at Švejk skal avgarde til fronten i Galicia: I heile denne verda har eg ikkje sett noko så storslege som dette idiotiske Galicia
.
Sitatet kan òg stamma frå broren Wilhelm. Det kan òg vera vist til Galicia i Spania, eit område begge Humboldt-brødrene besøkte.
Bakgrunn
Humboldt var ein tysk naturvitenskapsmann og medgrunnleggar av geografien som empirisk vitenskap. Han drog på forskningsreiser til mellom anna Sentralasia og Latin-Amerika. Han var bror av Wilhelm von Humboldt, grunnleggar av Humboldt-universietet i Berlin.
Humboldt vitja Galicia (Polen) i 1792/93 og Galica (Spania) i 1799.
Sitat
[II.4] Budete se v dálné cizině cítiti jako doma, jako v příbuzném kraji, ba skoro jako v milé domovině. S city povznesenými nastoupíte pouť do krajin, o kterých již starý Humboldt pravil: ,V celém světě neviděl jsem něco velkolepějšího nad tu blbou Halič.’
![]() | Advokat Bas, Otakar | ![]() | |||
*21.3.1879 Hradec Kralové - †18.3.1939 Praha | |||||
|
Bas var ein advokat som vert nemnd av Švejk etter at han og Sappeur Vodička hadde vorte forhøyrde av Auditor Ruller.
Bakgrunn
Bas var ein tsjekkisk radikal advokat som fekk lisens i 1908 og som spesialiserte seg på å forsvara motstandarar av Habsburg-regimet. Alt som ung advokataspirant var han aktiv i Sokol og dessutan politisk. Etter krigen var han ei stund viseformann i det tsjekkoslovakiske senatet. Han gjorde sjølvmord kort tid etter nazistane sin okkupasjon av Tsjekkoslovakia i mars 1939.
Opplysningane om at det kan vera denne personen boka viser til kjem frå Antonín Měšťan og er svært sannsynleg (mindre stavefeil som Bas-Bass er nokså vanlege i romanen).
Sitat
[II.4] Já jsem se u vejslechu, to je pravda, vymlouval všelijak, to se musí dělat, to je povinností lhát, jako říká advokát Bass svým klientům.
Litteratur
- Veřejná schůze lidu v Nových Dvorech 12.9.1902
- Uctění památky Karla Havlíčka Borovského 27.6.1906
- Advokáti 17.7.1908
- Bas, Otakar
![]() ![]() ![]() |
II. Ved fronten |
![]() | |
4. Nye lidelsar |
© 2008 - 2023 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 4.6.2023 |